I den vaksnes verden
Vaksen er eit begreip mange ikkje forstår. Men kva inneberar det eigentleg å være vaksen? Det første som faller meg inn er at man får mykje ansvar, og mange oppgåver.
Men det er vel meir i det enn som så.
Å være vaksen betyr at man må ha eigen bil og ein bil kostar mykje pengar. Som vaksen har du sikkert allereie eit stort lån på eit hus som du og familien din skal bu i, og så må du i tillegg ta opp eit stort lån til for å kunne kjøpe deg eit framkomst middel. Ja, for det er jo uakseptabelt og ta bussen med fire ville småbarn som vaksen.
Når du er vaksen skal du ikkje ta bussen, då skal du ha eigen bil, ikkje nok med det, det skal gjerne være ein fin bil også.
Familie sikkerleik er viktig samtidig som at oppfatninga til andre påverkar deg og din avgjøring når det kjem til bil val. Kva vil naboen sei om du kjørar ein skrap bil frå sytti talet? Du vil jo bli stempla som trailer trash, og din sosiale status vil synke.
Vi som menneskjer får det inn med te skei frå vi er vetle at andres meiningar om deg er viktige. Du skal framstå som eit bra menneskje, og kva andre seier om deg vil då være den oppfatninga alle andre vil få, derfor har vi blitt så materialistiske som vi er. Vi skal ha det beste av det beste, og gjerne mykje meir enn nødvendig. Og alt dette for å dekkje den underbevisste følinga av å framstå som menneskjer med ein god leve standard. Og derfor kjøper vi altfor dyre biler.
Men så er jo bil veldig greitt å ha. Den kan brukast til langt meir enn å berre pynte garasjen. Ein bil passer bra når man må kjøre til butikken for å handle, når man må kjøre til jobb for å tjene pengar til livets opphald, når ungane må i barnehage og på skule, og når dei skal heim igjen.
Når du endeleg kjem deg på jobb for å tjene til livets opphald, i den altfor dyre bilen din, etter at du har kasta ungane i barnehagen, så forventes det noko av deg der og.
Du skal komme på jobb i tide, du skal gjera det du får beskjed om, ofte gjera det som du ikkje får beskjed om, du skal ta initiativ til å gjere ting sjølv. Du skal i tillegg være hyggeleg mot dei ufyselige kollegaene dine, finne deg i seksuell trakassering, komme på jobb sjølv om du er døande, og du skal halde deg på jobben heilt til arbeidsdagen er over. Så skal du rydda kontoret ditt (alt ettersom kor du jobbar), du skal pakke sakane dine organisert i kontor veska di, du skal smile pent til alle dine arbeidskollegaer og du skal gå ut med andletet heva høgt for å så gå heim til din andre fulltidsjobb.
Ja, for det å være vaksen er ein fulltidsjobb, om du så har familie eller ei. Alle andre forventar at du skal oppføre deg, være eit godt eksempel, gjere fornuftige ting. Heile dagen. Du har nettopp hatt ein 8 timerslang arbeidsdag, du kjem heim og har mest lyst til å slenge deg i sofaen og sjå på favorittserien din, men det får du ikkje. Du skal då rydde kjapt igjennom huset (som det er 98% sjanse for at det var ungane dine som rota), du må begynne å tenke på kva du kan lage til middag og etterkvart byrje på matlaginga. Om du ikkje har ein snill mann som hentar ungane dine så må du pine meg gjere det og. Når du då omsider har frakta ungane dine heim, så er du endå ikkje klar for å kunne slappe av. Då skal du skifte tøy på ungane, dekke middagsbord, ta oppvasken etter middag, hjelpe ungane med leksar, gjere dei klar for å sove og ein ny morgondag. Først då har du tid te å slappe av, etter du igjen ryddar kjapt igjennom huset som ungane klarte å rote på den vetle tida dei var heime. Og så slo det meg kvifor vaksne blir så fort utbrente. Dei får jo aldri tid til å leve livet slik dei sjølv ønskjer.
Vi ungdommar prøvar å raske oss ut i den store verden, vi vil bli vaksne med eingong vi begynner i 8 klasse. Men kvifor? Er det fordi vi er så uvitande? Er det fordi vi ikkje heilt innser kva det vil seie å være vaksen? Det kan verke som at alt vi blir fortalt går inn det eine øyre og ut det andre, det skal jo ikkje så mykje til for å sjå at det er sant det dei seier. Alt tullet om ansvar og moral som vi får kasta på oss. Men vi er fastbestemte på å prøve sjølv, og lære på den harde måten.
Eg var ein av dei som kasta seg ut i den vaksnes verden og skaffa meg ein hybel i ein alder av 15 år. Eg byrja etterkvart å skjønne at oppvasken ikkje tok seg sjølv, buksa mi ble ikkje på mystisk vis rein over natta og hybelkaninane var visst ikkje ein utdøande dyreart likevel. Men det som tyngst av alt var jo økonomien. Eg hadde rett og slett ikkje pengar. Kor er dette pengetreet foreldra mine har gøymt, og kvifor fekk ikkje eg eit med meg? Ein deltidsjobb ved sidan av studiar er ikkje noko mange klarer, for det viktigaste er jo at man lærer noe på skulen og får utbytte av det. Ein deltidsjobb vil då gjere vetle ungdommen sliten, trøyt og dette vil etter kvart føre til at man henger litt etter når det kjem til pensum og liknande. Eg prøvde meg på ein deltidsjobb som gav meg rom til studere og leve i same slengen, men det ble det jo ikkje noko pengar av. Eg hadde regningar, busskort, husleige, og andre utgiftar som måtte dekkast. Noko måtte gjerast og kjære mor var ikkje der for å hjelpe til.
Det er også ein ting med å bli vaksen, kanskje ein avgjørande faktor i blant. Det å bli mor eller far. Det er å være vaksen, spør du meg. Det er vel ikkje før du får ansvar for eit helt anna menneskeliv, miniatyr menneskeliv, du innser kor stort dette eigentleg er. Då blir det plutseleg ikkje berre du som skal ha mat, eller som må stellast. Eit spedbarn kan ikkje ta oppvasken eller bade seg sjølv. Eit spedbarn gjer som den kan best, den et, gulpar, tissar, bæsjar og sovar. Og alt rotet som kjem ut i frå dette, vel, han forventar at DU gjer det. Ikkje er det nok med stelle-delen, du skal jo oppdra ein flott unge, som kan skilje mellom rett og galt. Som kan gangetabellen og seier alltid ”takk for maten”.
Og då kjem vi inn på temaet forventningar som og er ein stor del av det, det vil seie å være vaksen. Folk forventar at du skal rydde opp etter deg, at du skal hjelpe andre rundt deg, at du gjer noko så enkelt som å ofre sitteplassen din på bussen til ein eldre dame eller herremann.
Kven e det eigentleg som fant opp forventningar? Og kvifor klamrer vi oss så fast på de?
Som ung har du gjerne den innstillinga at du kan gjere som du sjølv vil, og det du meiner er riktig, og den innstillinga har du også som vaksen, men då må du oversjå den. For som vaksen har du mykje meir ansvar og du har ikkje berre deg sjølv å tenke på.
eg trur det å være vaksen handlar om dagens normer. Dei ekle uskrivne reglane som samfunnet vil at vi skal leve etter. Det kan være så enkle regler som at vi ikkje skal drite på plenen til naboen, vi skal ikkje sparke til ein som har svimt av på gata, eller plukke i nesa når vi sitter på ein stappfull buss midt rushtiden.
Men igjen så blir det feil å skylde på samfunnet, når sanninga er at VI er samfunnet. Vi har sjølv bestemt korleis ting skal fungera, korleis vi skal forholda oss til kvarandre.
Å væra vaksen er å gå på butikken og kjøpe tannkrem. Ikkje det at tannkrem er kjelda til vaksenlivet, men du kjøpar noko som ikkje berre du har behov for. Du kjøper noko som trengs av andre du bryr deg om. Å være vaksen er å være usjølvisk og tålmodig.
Du gjer så mykje for andre, og du får så lite igjen. Men ein dag vil du få takken for all det harde strevet du har gjort. Ein dag når du blir pleietrengande og ungane dine har blitt flotte vaksne, så blir du betalt tilbake. Har du gjort ein god jobb med oppdragelsen så vil nok ungane dine ta vare på deg, på same måte som at du tok vare på dei når dei trengte det.
Eg trur det å være vaksen er å gjere meir for andre enn deg sjølv, ha mange ballar i lufta, men likevel finne ein balanse i det heile.
Time for some Vanity – I created one of my favourite cocktails
for 2 dager siden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar